Vilkår for kjøp av digitale kurs og andre digitale produkt frå Sankeliv Kristine Enger (Org.nr. 825558322 )

Versjon 21.05.2022  

Innleiing

Dette kjøpet er regulert av salsvilkår for forbrukarkjøp over Internett. Forbrukarkjøp over internett vert hovudsakeleg regulert av avtaleloven, forbrukarkjøpslova, marknadsføringslova, angrerettslova og e-handelslova, og desse lovene gir forbrukaren ufråvikelege rettigheiter. Lovene er tilgjengelege på www.lovdata.no. Vilkåra i denne avtalen er ikkje ei avgrensing i dei lovbestemte rettigheitene, men oppstiller partanes viktigaste rettigheiter og plikter for handelen.

Avtalen og partane

Avtalen består av salsvilkåra under, opplysningar gitt i bestillingsløysinga og eventuelle særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som er særskilt avtalt mellom partane føre, om det ikkje strider mot ufråvikeleg lovgiving.

Relevante avgjerd i lov som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar utfyller i tillegg avtalen – sjå www.lovdata.no. 

Partar i avtalen er seljar Sankeliv Kristine Enger (org. Nr. 825558322). Kjøper er den som gjer bestillinga. Ei bestilling kan ikkje belastast nokon under 18 år.

Prisen for tenesta/produktet står på salssida der kjøparen gjer sin bestilling. 
 
Angrefrist

Ved nedlasting eller strømming av digitale enkelttenester, slik som eit digitalt kurs med digitalt materiale eller ei e-bok i PDF-format, vil angreretten falle bort så snart tenesta vert tatt i bruk.

For et digitalt kurs betyr det at du har normal angrerett på 14 dagar berre før kurset startar opp og du får tilgang til kurset.

Vi ønskjer at du skal vere 100% nøyd med eit digitalt kurs. Difor gir vi deg 2 veker angrerett på kjøp av et digitalt kurs om du ikkje er nøyd også om kurset har starta opp. Dei 2 vekene (14 dagar) tel frå dagen kjøpet blei gjort. Om du bruker angrefristen, får du pengane tilbake innan 1 veke frå datoen du gav beskjed skriftleg på e-post til [email protected]. Tilgang til kurset vert fjerna frå same dag som du bruker angreretten (skriftleg).

Betaling

Du kan betale med Visa, MasterCard og Amex gjennom betalingsløysinga Stripe. Du vil like etter gjennomført betaling, få ein faktura som følger formkrava til bilag for sal og som er eit krav etter Bokføringsforskrifta. Alle transaksjonar vert sende kryptert via SSL (Secure Sockets Layer) og er 100% sikre. Kortkjøp er avgiftsfritt.

Alternativt kan vi sende deg ein faktura via rekneskapssystemet Fiken. Da må du ta kontakt og be om det spesielt.

Opphavsrett

Opphavsrett til innhald tilhøyrar Sankeliv Kristine Enger og alle rettar er beskytta. Det er forbode å kopiere, distribuere, publisere eller endre til eiga formål det materiale som ligg i digitale kurs og elles på Sankeliv Kristine Enger sine digitale sider og kursportal. 

Digitale kurs gjeld for ein deltakar og det er ei føresetnad at brukartilgangen til kursportalen ikkje vert delt med andre.

E-bøker eller liknande som vert laste ned skal heller ikkje bli delt med andre.

Denne avtalen kan ikkje dragast over til ein annan part. 


Vilkår for bruk av digitale kurs: 

Du kjøper tilgang til kursportalen og det aktuelle kurset for den perioden som står oppgitt på salssida ved kjøp. Du har moglegheit til å gå igjennom kurset på nytt så mange gonger du vil i denne perioden. Alt materiale er beskytta av opphavsrett og berre for personleg bruk. Duplisere, dele, eller å laste opp filer for deling på nettstader er ikkje tillate.


Personopplysningar

Behandlingsansvarleg for innsamlede personopplysningar er seljar. Med mindre kjøparen samtykker til noko anna, kan seljaren, i tråd med personopplysningsloven, berre innhente og lagre personopplysningar som er nødvendig for at seljaren skal kunne gjennomføre forpliktingane etter avtalen.

Du vil kunne kome på ei e-post liste å få tilsend nyheitsbrev eller anna relevant informasjon om sanking av ville vekstar. Den lista kan du enkelt melde deg av.

Kjøparen sine personopplysningar vil berre bli utlevert til andre om det er nødvendig for at seljar skal få gjennomført avtalen med kjøparen, eller i lovbestemte tilfelle.

Seljar nytter amerikanske leverandørar til å lagre e-postliste, nettsider, digitalt kurs m.m. (Kajabi) og til betalingsløysinga på nett (Stripe). Det betyr at informasjon som kjøpar legg inn vert send og handsama i USA. USA har ikkje dei same personvernlovane som vi har i Noreg.

Avlysing og utsetting

Sankeliv Kristine Enger tar eit atterhald om å kunne avlyse eller utsette kurset som følge av årsaker som er utanfor vår kontroll. Ved avlysing får kursdeltakarane tilbake kursavgifta. Ved utsetting vil kursdeltakarane bli tilbydt deltaking på eit seinare tidspunkt. 

Konfliktløysing
Klager vert retta til seljer innan rimeleg tid. Partane skal forsøke å løyse eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lykkes, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukerrådet for mekling. Forbrukerrådet er tilgjengelege på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.

Denne avtalen er regulert av og vil bli tolka i samsvar med gjeldande Norske Lover.

Kontakt
Ta gjerne kontakt om du er usikker eller lurer på noko! 

Kristine Enger
//Sankeliv

E-post: [email protected]
Adresse: Bronsestubben 4, 4072 Randaberg